Andesfjella, vegen som slynger seg fram.
General Sucre på indianerenes side. Frihetssøyla på 44m i bakgrunnen.
Potetsetting på 4000moh. 4 varmegrader var det når vi køyrde forbi på morgonen kl.09.30
Det var mange svinger.
Etter store flokker med vicunja og alpakkerer mellom Arequipa og Juliaca, gjekk turen videre til Cusco, Abancay, Andahuaylas og Ayacucho. Saman med Torlaug og Irene , (Liv og Arve skilde vi lag med i Cusco) hadde vi ein fantastisk tur i den mektige Andesnaturen. Det var opp og ned bratte fjellside. Frem til Abancay var det fin asfaltveg. Etterpå var det mange utfordringer, men med nye Toyota Fortuna kom vi godt rundt alle svingene uten autovern også. Men bilhornet blei brukt !!! Ja, høgt oppi dei bratte fjellsidene stod potetåkrane, det var midt i våronna, så det var stor aktivitet ute på landsbygda. Minner fra fortida i form av gamle steiner som altså er ruiner, fekk vi også med oss, Perus historie er interesan. Kampplassen for frigjeringskrigen i Ayacucho fekk vi også besøke. Vi var heldige med været også. Ikkje regn, men lågt skydekke, gjorde at vi ikkje fekk sjå dei snødektefella så mykje.
Høge fjell og djupe daler der elvane møttes, der var det varmt. Vi målte 47 grader på det varmeste, det var varmt det. Då var det godt at aircondichen funka perfekt!
Det blei nesten same veg tilbake, men litt "nye" veger, fekk vi mykje med oss på tilbakeveg også.
Torlaug og Irene stoppa i Cusco og gjorde fleire turer. Dei fekk med seg ekta jungel også!
Eg var stornøyd med ein fantastisk tur. Så nå er det bare å lade opp til neste besøk som kjem i romjula. Eg får jobba godt i mellomtida. (Eg er godt igang, måtte ta eit møte allerede før eg hadde blitt ferdig med ferien også!) Avslutta turen/ferien med nydelig dag på ferieplassen saman med Liv ogArve.
1 kommentar:
Nå har eg fått julabrevet i retur to ganger...og gir opp. Men du blei ønsket en god jul og et veldig godt nytt år fra Tanzania. Vi var hjemme i julen. Begravelse til svigerinne Kristin, bryllup for Sveinung og Karen, og julefeiring. Alt vel med oss...tenker på deg. Klem fra Ma i Katesh
Legg inn en kommentar