onsdag 13. august 2008

Radiolytter i Boqueron




Raioen står på FM 99.9 Det er JR, Jesus Reina , i Mollendo som sender 48t med forskjellige program. Raul har meir enn nok å gjera, aleine i studio og telefonvakt, kan det vere travelt til tider. Men Raul klager sjelden, han vil så gjerne at radioen skal vere eit middel som når ut med evangeliet om Jesus.

Det er torsdag, kl. nærmar seg 16.30, det er på tide å gjere klar autopiloten for sendinga. Raul skal ut på husbesøk til Boqueron, 30 km fra Mollendo.

Eg får vere med.

Bilen set vi nede på grusbanen til den nye "bydelen " oppe på sandhaugen.

Vi skal møte Martin og Hilda i den enkle hytta deiras. Innhegninga er sett opp av tynne bambusstokker.

Vi banker på bølgeblekksdøra, seint om sen kjem kona ut. Nei, Martin er ikkje komt heim endå.

Raul og eg vert ståande ute, mørkret sig på klokka nærmar seg 18.00. Denne kvelden har dei ikkje lys heller.

Raul forteller:

"Her er det mange som lytter til radioen vår, eg og pastor Rufino har fått besøkt fleire som har tatt kontakt med oss. Kanskje det er tid for å gjennåpne kyrkjelokalet vårt som ligg nede i landsbyen. Det er mange år sidan vi måtte leggje ned arbeidet der. Det var ingen igjen!!
Kanskje Gud vil bruke denne nye kontakten vår til å nå inn til nye mennesker med evangeliet!" Raul er oppmuntra.

Så høyrer vi at det spennes i småsteiner. Det er Martin som kjem.

"Beklager at eg er sein, men det var noko arbeid som vi måtte gjere ferdig. Men kom, så går vi inn".

Inne i rommet er det berre ein gamal sykkel som står, men ein stol vert boren inn. Eg som utlending må setje meg.

Martin og Hilda har funne fram Bibelen som dei hadde frå lang tid tilbake. . Eit sterinlys er nok til å sjå teksten. Raul leser frå Joh. 3.16. Han underviser dei på enkelt vis, der dei står rett framfor han.
Så synger vi nokre enkle sanger som dei også har høyrt på radioen.
"Vi vil gjerne komme på gudstjenesten på søndag i Mollendo, kva klokka er det?"Kl.10.00.
Vi snakker litt til, før vi går ned til bilen igjen.
Med stor takk til Gud, reiser vi glade tilbake til Mollendo.
Neste dag er det nye sendinger og ei ekstra helsing til Martin og Hilda!