Dagane går fort. Det betyr at det er nok å ta seg til.
Huset er snart ferdig dekorert med å få opp bilder og andre personlige objekter, og "hagemøblene" venter å få plass på taket der det er utsikt ut over Mollendo by og havet!!! "Hagen" er ordna med blomsterpotter og nå gleder eg meg til sol og sommer, om det ikkje vert som dei lyse kveldane i Norge, her er det mørkt kl.18.00 Men tempraturen skal vere god med litt bris så myggen held seg borte!
Mollendo er ein gammel by, der det er mange gamle trebygninger, men som også etter kvart får dei erstatta med betong og murstein. Det er ca 50.000 innbyggere. Levebrødet er fiske og landbruk. Frå Mollendo og sørover mot Chilegrensa er det ein grønn dal, det skyldes vanningskanalane som fører vatnet utover markene. Her dykker dei ris, mais, poteter, og andre grønnsaker. Ellers så er landskapet ørken.Dette året har der regna til nå, så nå blomster ørken med sine lilla blomster.Det er eit flott syn så lengje det varer.
Eg arbeider saman med 2 pastorer og ein radioarbeider.
Arbeidet mitt er blitt meir konkretisert nå, så i kveld onsdag, er det kvinnegruppe i Mollendo, der vi skal ha litt handarbeid, litt baking, litt helse og ikkje minst bibelundervisning. Skal begynne med kvinner i bibelen.
Torsdag er det kvinnegruppe i Mejia, fredag er det husmøte i Matarani, lørdag er det ungdomsmøter i Mollendo og Mejia + gitarkurs . Deler tida mellom dei . Søndagen er det møter i alle kyrkjene, så då er vi 3stk som deler på det.Mandag er det fridag, annankvar tirsdag skal eg vere i Arequipa saman med dei andre misonærane på misjonærmøte, så då reiser eg opp på søndagen og får meg litt av livet i storbyen.
Den andre tirsdagen er det bibelstudie i Cocrachacra, ca 30km inn i dalen. Det er den minste menigheta,5 medlemmer. Dei treng litt oppmuntring til å gå videre, har vore nokså tungt der. Men Rufino som er pastor der, vil gjerne ha litt hjelp, så då er eg glad for å kunne tilby noko av mi tid til hans rådighet i arbeidet.
Men det vert mykje kveldsarbeid, alle ha jo sine forpliktelser på dagen, det er ikkje alle som har fast arbeid, så arbeid på åkrane er hardt, og ikkje alle er like opplagte når kvelden kjem.
Men eg er blitt litt kjent med nokre, og det er mange flotte personer.
onsdag 24. oktober 2007
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar